Då har han flytta..

Då har eg altså flytta frå Bergen by til Sildajazzens og Filmfestivalens by, Haugesund. Det var vel ikkje i tankane mine i det heile tatt å flytta frå Bergen og alle folka ein er blitt glad i, men for fire-fem veker sidan var det ein frå kjørkja i Bergen som utfordra meg på å tenkje å reise til Haugesund. Han sa noko som «Eg seier ikkje at Gud seier du skal flytte til Haugesund, men eg synst dette er ein himla god ide!» Og så utfordra han meg på å spør Gud kva Han tenkte om det. Lite visste eg at etter ein mnd så kom eg til å sitte i ein annan by, med ein heilt anna kvardag enn den eg hadde berre for nokre døgn sidan. Men iallefall, eg gjekk ganske mange runder med Gud og spurte han «Vil du at eg skal reise?». Eg ville ikkje reise til ein by pga ein kar som hadde nokre tankar, men ville heller basere valget mitt på Gud sine tankar. Så eg sa at om Gud gav fred om at det var Haugesund eg skulle vere, så kom eg til å pakke og reise. Så ein del av vurderinga mi var å reise til Haugesund ei helg berre for å sjå litt kva som rørte seg i byen, hyggelig tur det ja. Men når eg kom tilbake til Bergen kjente eg ein veldig fred for at det var i Haugesund eg skulle vere. Så då var det berre å pakke sakene å reise… Og her sitter eg i Haugesund, valget tok eg for ei veke sidan, men flyttinga skjedde igår. Og idag har eg bjynt å jobbe på ein kaffebar som kjørkja driver her. Er veldig spent på kva som vil skje vidare, masse bra folk her, virker som ein fin by også. Og når Gud gir fred for å flytte på seg, så har eg tru på at Han legger ting til rette også. Så er fylt med forventning for tida vidare!

Heilt konkret så skal eg gjere dette:

-Jobbe som barista på ein kaffebar i Haugesund.

-Bli kjent med folk.

-Nyte livet, ha det knakande kjekt.

-Bruke tid med ein levande Gud som ynskjer meg alt godt.

-Henge og lære mykje av folk rundt meg.

-Leve LIVET!!!!

(Og fortsette studiet, lese her nede, og ta eksamen i Bergen…)

Så om du er i (kaffi) traktene, så stikk innom Haugesund, så skal eg mekke deg ein skikkelig kopp kaffi, så kan me henge og finne på noke fres. Og ja, eg gler meg allereie!

usbc-barista-guild-cappuccino

Publisert av lgkalven

Ein kar med skjegg rundt munnen og briller rundt auga. Er vokst opp i havgapet og villsauer og ville folk har vore kvardagen i mitt lange liv. Jesus er helten, og eg er med i fanklubben hans. Vil bli lik som han! Lurer du på noke? Gji ein lyd då vel!

2 tankar på “Då har han flytta..

  1. Oi! Dette var overraskande! Me komme til å savne deg i Bergen, men du må kosa deg i Haugesund med alt som Gud har planlagt til deg der! 🙂 -Hanna 🙂

  2. Wow. Så gøy. Det er så inspirerende å hørra om folk som tør å gå på det Gud utfordre de på å gjer. Eg heie på deg, Lars Gunnar. Og love å komme innom om eg e i Haugesund. Det e dessverre ikkje så ofte, men, men…
    Klem

Kommenter innlegget