Posta av: lgkalven | november 18, 2009

Smil, smil, smil og ver glad… og ekte!

Av og til ser ein berre kor utrulig heldig ein er… Her sitter eg på ferjestrekningen Halhjem-Sandviksvåg, og her er det internett! Mama, så heldig eg er! Nei, nå var det vel ikkje akuratt det eg meinte med å vere heldig. Har tilbrakt tre fulle dagar i Bergen by, og truffe på mange bra folk som eg er så heldig å få kjenne. Ser det som ein stor velsignelse å få lovt til å le, prate, tulle, slå, spele, drikke kaffi, ete, flire, sjå, slappe av, drømme og henge med folk som har sine heilt unike liv dei lever. Tenk at kvar og ein lever sitt eige liv med sine eigne gleder og sorger, og eg får lovt å vere ein del av livet deira, samtidig som dei får lovt å vere ein del av mitt. Det er så lett å tenke smått om det, men det smilet, dei orda som du deler med folka rundt deg kan få vere med å gjere livet til kvar enkelt betre eller verre… Håper virkelig at eg får lovt å vere ein som kan gjere kvardagen litt lysare for folk rundt meg, for det er det mange som gjer i mitt liv. Så tørk ikkje fliret av munnen din, men del det heller til dei du møter på din veg… It`s worth it… Og ja, eg er heldig 😉

Posta av: lgkalven | november 5, 2009

Mjølk…

Då har eg budd i Haugesund i halvanna veke, kjennes vedlig rett ut å vere her. Mange gode folk, kjekt å arbeide, god kaffi, koselig og intim by. Med andre ord så har eg det godt her i Haugesund. Sidan eg arbeider på ein kaffibar, så går det faktisk ein del mjølk iløpet av veka. Eg søkte litt på nettet for å sjekke om det velkjente returkartonglotteriet fortsatt fantes, og det gjorde det. Så nå er det skylling, tørking, bretting og stapping for alle penga. Men noko anna eg fann ut var at for kvar mjølkekartong som vert selgt er det ei kartongavgift på ei krone og tretten øre. Desto fleire kartongar som kjem i retur, desto lågare vert denne avgifta. I 2008/2009 var returprosenten på 72%. Dvs. at istadan for å betale 1.13kr ekstra for mjølka betaler me berre 30 øre per kartong. Og visste du at det skal ein brukt kartong til for å lage ein stor konvolutt? Eller at for fem kartonger får du produser ei kladdebok? No haures eg sikkert ut som den miljøfriken, men eg skal iallefall vere med på å få produser nokre kladdebøker, få rimelegare mjølk… og vinna nokre pengar, hehe.

Posta av: lgkalven | oktober 27, 2009

Då har han flytta..

Då har eg altså flytta frå Bergen by til Sildajazzens og Filmfestivalens by, Haugesund. Det var vel ikkje i tankane mine i det heile tatt å flytta frå Bergen og alle folka ein er blitt glad i, men for fire-fem veker sidan var det ein frå kjørkja i Bergen som utfordra meg på å tenkje å reise til Haugesund. Han sa noko som «Eg seier ikkje at Gud seier du skal flytte til Haugesund, men eg synst dette er ein himla god ide!» Og så utfordra han meg på å spør Gud kva Han tenkte om det. Lite visste eg at etter ein mnd så kom eg til å sitte i ein annan by, med ein heilt anna kvardag enn den eg hadde berre for nokre døgn sidan. Men iallefall, eg gjekk ganske mange runder med Gud og spurte han «Vil du at eg skal reise?». Eg ville ikkje reise til ein by pga ein kar som hadde nokre tankar, men ville heller basere valget mitt på Gud sine tankar. Så eg sa at om Gud gav fred om at det var Haugesund eg skulle vere, så kom eg til å pakke og reise. Så ein del av vurderinga mi var å reise til Haugesund ei helg berre for å sjå litt kva som rørte seg i byen, hyggelig tur det ja. Men når eg kom tilbake til Bergen kjente eg ein veldig fred for at det var i Haugesund eg skulle vere. Så då var det berre å pakke sakene å reise… Og her sitter eg i Haugesund, valget tok eg for ei veke sidan, men flyttinga skjedde igår. Og idag har eg bjynt å jobbe på ein kaffebar som kjørkja driver her. Er veldig spent på kva som vil skje vidare, masse bra folk her, virker som ein fin by også. Og når Gud gir fred for å flytte på seg, så har eg tru på at Han legger ting til rette også. Så er fylt med forventning for tida vidare!

Heilt konkret så skal eg gjere dette:

-Jobbe som barista på ein kaffebar i Haugesund.

-Bli kjent med folk.

-Nyte livet, ha det knakande kjekt.

-Bruke tid med ein levande Gud som ynskjer meg alt godt.

-Henge og lære mykje av folk rundt meg.

-Leve LIVET!!!!

(Og fortsette studiet, lese her nede, og ta eksamen i Bergen…)

Så om du er i (kaffi) traktene, så stikk innom Haugesund, så skal eg mekke deg ein skikkelig kopp kaffi, så kan me henge og finne på noke fres. Og ja, eg gler meg allereie!

usbc-barista-guild-cappuccino

Posta av: lgkalven | september 6, 2009

Long time no seen…

Då sitter eg her i Bergen, Tertnes. Bur for tida i kjellaren hjå tante og onkel. Dei har vore så snille å forbarma seg over ein stykk huslaus student. Så her har eg det godt, tett tak over hovudet og snille folk rundt meg. Det er ein del ting som har skjedd sidan sist, vore i England på Momentum. Utrulig godt å vere på ein festival der treogeithalvttusen folk fokuserer på Gud igjennom lovsang, forkynnelse og felleskap. Amazing! Fekk ikkje tatt nokre bileter frå turen, grunna eit stk kamera som eg ikkje fann før avreise. Men absolutt verdt det!
Utan om England så har eg bjynt på ann igjen med studie, nå er det Hebraisk som står på tapeten, lesing baklengs, nytt alfabete, rare lydar, og ein gramatikk som ikkje liknar grisen. Det har seg sånn at gramatikken kom etter at språket var ferdig laga. Så lydar som plutselig hopper vekk, eller blir til noko anna. Får sjå om me får litt meir kontroll over det ja….
Men livet er fint. Vert ikkje så mykje oppdatering no, har ikkje internett så lett tilgjengeleg der eg bur, men plutselig…

Posta av: lgkalven | august 21, 2009

UBESKRIVELIG!

Tida flyr som aldri før, konserten til Coldplay var heilt UBESKRIVELIG BRA! Beste konserten eg har vore på… Fantastisk show, god musikk, ernergisk Chris Martin, stemning… Ja, sidan det er ubeskrivelig så skal eg ikkje prøva på å beskriva det, men om du ikkje var der, du gjekk glipp av noke. Ellers så reiser eg til England på ein festival i dag, Momentum, SoulSurvivor. Gler meg VELDIG! Godt å få seg ei veke der ein kan vere med gode folk, Jesus, campe med fleire tusen andre, forkynnelse, bli utfordra++

Snakkes plutselig!

IMG_0330IMG_0334IMG_0335

Posta av: lgkalven | august 19, 2009

Konsert!

coldplay_NY_1

Då er det berre tre timar og tjueni minuttar til dørene opnar til Koengen, den dryge scena, og til konsert med Coldplay!!! Biletten vart kjøpt allereie i desember, og etter åtte mnd er dagen inne. Gleder meg sjukt til god stemning, gode folk, bra show og fantastiske songar… Fintfint!

Eksamen nr to er hermed innlevert! Fyrste gongen eg har hatt eksamen heime, men fungerte vel ganske greit det. Funne ut at eg arbeider best under press, noko som eg må jobbe litt med. Ellers så omhandla denne eksamen den nyreligiøse retninga, ganske interessant å sjå litt fellestrekk og tankestraumningar mellom alle dei ulike retningane som td. teosofi, new age, gurubevegelser osb. Visste du td. at steinerskulane bygger på den okkulte bevegelsen antroposofi sin pedagogikk! Utan om eksamen har det vore andre ting som har freista meir, som blant ann slåball på nyslått mark, kanel i snurrane, og film. Ja, kveld til torsdag var eg så lei at eg ville ta ei virkeligheitsflukt med ein ikkje krevande film. Så kva er vel meir naturleg å sjå enn ein film om pingvinar som går fleire veker for å legge egg i 40 minusgrader, og der pingvinpara skiftar med å gå fleire veker fram og tilbake for å få mat til seg sjølv og å varme på egget. Folkens, tidenes naturfilme er hermed presentert: «PINGVINENES MARSJ»! Ufattelig å sjå korleid desse fjerkledde skapningane kan overleve ved temperatur lågare enn -40 grader, og faktisk formera seg og! Eit felleskap, samarbeid og uthaldenheit som ikkje ligner grisen… Inspirierande. Må berre opplevast. På film. Eventuelt kan du for all del reise til sørpolen og ligge i telt for å sjå desse krabatane overvintre, formere seg osb. Går berre litt kjappare på filmen. Interresert i tur? Gi ein lyd, så vil eg formidle kontakt…
pingvinenes_marsj_x

Posta av: lgkalven | august 5, 2009

Hm…

Desse dagane har vore særs innhaldsrike, bollebakst, slåball og pianospeling. Flaks at eg har heimeeksamen! Skrive eit ord, eit ord til, ennda eit… Vert det noko samanheng? Vert spanande å sjå.

Posta av: lgkalven | august 4, 2009

Så er det på ann igjen…

Klokka vart fem på tolv… folk haldt pusten…. trykk «oppdater»…. ingen oppgåve var komt… tre på….folk såg uroleg på kvarandre. Vil det bli Religion, eller vert det Jødedom me skal bruke heile neste veke på å gjere greie for…. «oppdater» igjen…. ingen ting skjedde…. to på… et på… TOLV!…. Ingen ting skjedde…. eit minutt over tolv… folk gjispa igjen… RELIGION! Nokre byrja å le, andre å hylgrine. Det var som å sjå grandprix finalen med felespelaren Rybak i reprise. Livet paserte i revy. Fødselen på Storken, dagen eg klarte å steike min fyrste Grandiosa utan tilsyn frå mor, sumaren dei forveksla meg med sjimpansane i dyrehagen… Alt i reprise… Nei, folk byrja vel ikkje å hylgrine, ikkje å le heller, og reprisen intraff heller ikkje. Men eksamensoppgåva kom iallefall tikkande inn på maskina. Og då er det berre å hive beina på nakken, blyanten i handa, og boka på bordet… Heftig stabel med bøker er lånt,  no skal det skrivast! «Nyreligiøsitet og Teoismen»

CIMG1197

Bøker er lånt… No skal det skrivast! Ikkje sant Inge?

CIMG1203

Eksamen er berre blåbær! Appropo blåbær, mor har plukka x-antall liter, over 50 faktisk! Imponerande.

Posta av: lgkalven | august 2, 2009

Vakum…

Ein er liksom mellom barken og veden… Eine eksamenen er overstått, og i morgon får me vete kva fag me har heimeeksamen i. Det har no gått litt over ei veke sia dei gule sandalane vart pensjonert og Israelsopphaldet var overstått. Godt å vere heime, men er nett som å vere i eit vakum. Somaren er ikkje heilt ferdig enno, men det føles slik. Og hausten har heller ikkje bjynt, sjølv om fuglana har starta turen sørover. Vert godt å bjynna på ann igjen med studie, men mange ting som skal igjennom før den tid, som f.eks to eksamaner, ordna plass å bu, finne ut kva ein skal bruka tida si på denne hausten… Jeppjepp. Det ordne seg nok for snille gutar, folk seier iallefall det.

Her er nokre bileter av noko av det som skjer heime, Stein Magnar har nett slått markane og pakka graset, stutane er på beite og sandalane venter på nye eventyr i sørlege trakter…

CIMG1186CIMG1187CIMG1191CIMG1184

Older Posts »

kategoriar